Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Alternativ kommunikasjon (ASK) for barnehagebarn

ASK er kortnamnet for alternativ og supplerande kommunikasjon, og er ein rett for barn som har vanskar med å kommunisere.

Tenesteomtale

Barn som heile eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i barnehagen.
Foreldre treng ikkje søkje om å få bruke hjelpemiddel, barnehagen skal leggje til rette for bruk av hjelpemiddel innanfor det vanlege barnehagetilbodet.
Eksempel på kommunikasjonsformer er handteikn, bilete, grafiske symbol, konkrete handlingar, veremåtar og kroppslege uttrykk. Eksempel på kommunikasjonsmiddel er kommunikasjonsbøker, tematavler og talemaskiner.

Målgruppe

Barn i barnehagen, barn i barnehagealder.

Kriterium/vilkår

Kommunen kan vedta å tilby ASK i samanheng med spesialpedagogisk hjelp.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt barnehagelova § 1, § 2 og § 39.

Barnehageloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Barnehagen pliktar å leggje til rette for barn med nedsett kommunikasjonsevne, og det er ikkje nødvendig med søknad. 
Likevel er ofte ASK ein del av tilbodet om spesialpedagogisk hjelp.  Og dersom utstyr til ASK krev opplæring for å ta det i bruk, må det fattast eit enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp (barnehagelova §§ 31, 32, 33 og 34).

Høve til å klage

Er du misfornøgd med forhold i barnehagen kan du ta det opp med leiinga til barnehagen.  Det er leiinga til barnehagen som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre.
Du kan også sende ei skriftleg klage til kommunen.
Dersom kommunen avviser meldinga, kan du fremje ein formell klage på dette vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket frå kommunen.
Du kan også klage til statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta.

Tjenesten oppdatert: 16.02.2022 16:50

Tjenester

Dokumenter