Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Barnekoordinator

Barn som er alvorleg sjuke eller har nedsett funksjonsevne og som treng fleire typar tenester frå kommunen har rett til å få ein barnekoordinator. Barnekoordinatoren vil samle og koordinere dei forskjellige tenestene slik at familien og barnet får den hjelpa dei treng.

Tenesteomtale

 

Barnekoordinatoren kjenner tenestene i kommunen og vil koordinere alle tenestetilboda slik at familien og barnet får den hjelpa dei treng.
 
Barnekoordinatoren vil blant anna
  • Gi informasjon og rettleiing om familien sine rettar og om kommunen sitt tenestetilbod
  • Formidle kontakt til aktuelle organisasjonar, for eksempel pasientorganisasjonar
  • Dersom barnet har individuell plan, sørgje for framdrift av planen
  • Sørgje for at det er samarbeid mellom dei forskjellige tenestene, for eksempel barnehage, skule, SFO og PP-tenesta.
  • Koordinere alle offentlege tenester (kommune, fylkeskommune og stat) og private som yter tenester for det offentlege.

Målgruppe

Familiar med barn der barnet over tid har eit samansett behov for hjelp.

Lover

Retten til barnekoordinator er lovpålagd i helse- og omsorgstenestelova § 7-2a. Plikta til å samarbeide mellom tenestene er i tillegg lovpålagd i mange lover. Sjå:
 
Tannhelsetenestelova § 1-4a
Barnevernslova § 15-8
Familievernkontorlova § 1a
Opplæringslova § 4A-14 og § 15-8
Privatskulelova § 3-6a
Spesialisthelsetenestelova §2-1e. og § 2-5a
Pasient- og brukarrettslova § 2-5c
Barnehagelova § 2b
Nav-lova § 15a
Krisesenterlova § 4
Sosialtenestelova § 13
Helse- og omsorgstenestelova § 3-4 og 7-2a
Integreringslova § 50.

Spesialisthelsetjenesteloven
Integreringsloven
Barnehageloven
Barnevernsloven
Opplæringslova
Familievernkontorloven
Sosialtjenesteloven
Tannhelsetjenesteloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Privatskolelova
Pasient- og brukerrettighetsloven
Krisesenterlova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Retten til barnekoordinator er ikkje ei teneste du kan søkje på. Kommunen skal sjølv tilby tenesta til dei familiane som har barn med samansett hjelpebehov. Du kan uansett ta kontakt med helsetenesta i kommunen og ta initiativ til å få ein barnekoordinator.
Sjølv om familien ikkje får ein barnekoordinator, skal du få eit tilbod av kommunen som baserer seg på samarbeid mellom tenestene og du har rett til å få eit heilskapleg tilbud.

 

Høve til å klage

Dersom du meiner du har rett til ein barnekoordinator og ikkje har fått det, kan du klage til statsforvaltaren. Vis til pasient- og brukarrettigheitslova § 7-2 Klage.
 
Dersom du ikkje er fornøgd med kvaliteten på barnekoordinator-tenesta, kan du klage på det også. Då klagar du direkte til den eininga i kommunen som avgjorde retten til barnekoordinator.

Tjenesten oppdatert: 05.01.2023 11:24

Tjenester

Dokumenter