Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
16. mai 2025 kl. 15:04

Overgang til ny hjemmeside mandag 19.mai

Mandag 19.mai går Heim kommunes hjemmeside over til en ny løsning levert av leverandør, Sitevision. I den forbindelse kan hjemmesidens funksjonalitet være begrenset og deler av innholdet kan være midlertidig utilgjengelig mens vi jobber med tilpasning av den nye siden. Kommune Kari tar også en velfortjent ferie mens arbeidet pågår.

​Vi beklager eventuelle problem dette kan skape.

Vår nye hjemmeside skal ha en høyere grad universell utforming for alle og være lettere å navigere i. 

Fyrverkeri - søknad om avfyring

Har du noko å feire? Då kan du fyre av eit festleg fyrverkeri, men først må du ha løyve frå brannvesenet, grunneigaren og politiet. Les og følg brukarrettleiinga nøye.

Tenesteomtale

Har du noko å feire? Da kan du fyre av eit festleg fyrverkeri, men først må du ha løyve frå brannvesenet, grunneigaren og politiet. Fyrverkeri er eksplosiv vare som du må behandle på ein sikker og forsvarleg måte. Les og følg bruksrettleiinga nøye.

Planlegg du eit større arrangement med eit profesjonelt fyrverkeri, må du ha løyve frå grunneigaren.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har mange gode tips for ei forsvarleg handtering. Sjå lenkja nedanfor.

Nyttårsaftan er det lov å fyre opp fyrverkeri mellom kl. 18.00 og kl. 02.00, og det er ikkje nødvendig med søknad.

Merk at

  • det er forbod mot privat bruk av pinnerakettar
  • det er 18 års aldersgrense for bruk av fyrverkeri (under dette store stjerneskot)
  • det er 12 års aldersgrense for bruk av små stjerneskot

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Etter at du har fått løyve frå politiet og grunneigaren, sender du søknaden til kommunen.

Vedlegg

Dokumentasjon på løyve frå politi og grunneigar

Saksbehandling

Kommunen vil vurdere søknaden m.a. ut frå lokale omsyn og eventuelle farar for liv, helse, miljø eller materielle verdiar.

Tjenesten oppdatert: 16.02.2022 16:01