Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
16. mai 2025 kl. 15:04

Overgang til ny hjemmeside mandag 19.mai

Mandag 19.mai går Heim kommunes hjemmeside over til en ny løsning levert av leverandør, Sitevision. I den forbindelse kan hjemmesidens funksjonalitet være begrenset og deler av innholdet kan være midlertidig utilgjengelig mens vi jobber med tilpasning av den nye siden. Kommune Kari tar også en velfortjent ferie mens arbeidet pågår.

​Vi beklager eventuelle problem dette kan skape.

Vår nye hjemmeside skal ha en høyere grad universell utforming for alle og være lettere å navigere i. 

Helse og miljø i barnehagen, skulen og SFO

Alle som går i barnehage og på skulen har rett til eit trygt og godt fysisk miljø.

Tenesteomtale

Barnehagen og skulen har ansvaret for at skulen har eit godt miljø, både fysisk og sosialt.
Det fysiske miljøet handlar om at bygget og uteplassen skal fungera for alle barna, også dei med funksjonsnedsetjing. For å få dette til best mogleg, vil skulen ta med elevar inn i planlegginga og ha ein open dialog med foreldra.
 
Elevar og foreldre kan snakka med skulen om ting som ikkje fungerer bra nok. Det kan til dømes vera forhold rundt
  • uteplassen
  • inneklima, lysforhold og støynivå
  • hygiene, reingjering og smittevern
  • tryggleik.

Målgruppe

  • Barn i barnehagen
  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelp
  • Føresette

Kriterium/vilkår


Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Lover

Sjå spesielt
Folkehelseloven § 8 og § 10
Forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar

Forvaltningsloven
Folkehelseloven
Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger

Høve til å klage

Elevar og foreldre kan snakke med barnehagen eller skulen og be dei rette opp ting som ikkje fungerer bra nok. Det kan til dømes vere forhold rundt
  • uteplassen
  • inneklima, lysforhold og støynivå
  • hygiene, reingjering og smittevern
  • tryggleik.
Barnehagen eller skulen skal ta stilling til oppmodinga innan rimeleg tid. Viss ho ikkje følgjer opp innan rimeleg tid, kan du klage til kommunen sentralt. Kommunen vil vurdere om det er grunn for å følgje opp klaga, til dømes ved tilsyn. Denne vurderinga vil vere eit enkeltvedtak som du kan klage på. Ein slik klage på kommunen blir send til statsforvaltaren.

Tjenesten oppdatert: 20.12.2024 09:09