Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
16. mai 2025 kl. 15:04

Overgang til ny hjemmeside mandag 19.mai

Mandag 19.mai går Heim kommunes hjemmeside over til en ny løsning levert av leverandør, Sitevision. I den forbindelse kan hjemmesidens funksjonalitet være begrenset og deler av innholdet kan være midlertidig utilgjengelig mens vi jobber med tilpasning av den nye siden. Kommune Kari tar også en velfortjent ferie mens arbeidet pågår.

​Vi beklager eventuelle problem dette kan skape.

Vår nye hjemmeside skal ha en høyere grad universell utforming for alle og være lettere å navigere i. 

Hjelp til å skaffe bustad

Har du problem med å kome deg inn på bustadmarknaden, eller problem med å bli buande i den bustaden du har? Då kan du søkje kommunen om råd og hjelp.

Tenesteomtale

Nokre vil ha problem med å kome seg inn på bustadmarknaden eller å bli buande i den bustaden dei har. Kommunen har eit ansvar for å hjelpe til at alle har ein god og trygg stad å bu. 

Ut frå din situasjon, kan kommunen hjelpe deg med

  • råd om økonomi
  • ulike tenester du kan søkje om
  • hjelp til å søkje støtte eller lån
  • leie av kommunal bustad
  • hjelp i ein kjøps- eller leigeprosess
  • hjelp til meistring i ein busituasjon.

Målgruppe

Personar som ikkje klarer å skaffe eller behalde ein permanent bustad.

Kriterium/vilkår

For å få denne tenesta må du ha lovleg opphald i Noreg og kommunen må vurdere at du er vanskelegstilt på bustadmarknaden.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Når du ber om hjelp vil kommunen ta stilling til om du er vanskelegstilt på bustadmarknaden. Kommunen fattar eit enkeltvedtak om å gi bistand eller å avslå bistand. Viss kommunen vurderer at dei skal gi deg hjelp, vil det stå i vedtaket kva hjelpa skal gå ut på.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Viss du er misfornøgd med vedtaket eller meiner at kommunen ikkje har følgt reglane for saksbehandling, kan du klage. Klaga blir send til Statsforvaltaren i fylket ditt. Kommunen kan hjelpe deg med klaga.

Tjenesten oppdatert: 29.06.2023 10:00