Klage på helse- og omsorgstenester
Som pasient eller pårørande har du rett til å klage på ei teneste du får. Du kan også varsle om alvorlege hendingar direkte til Statens helsetilsyn.
Tenesteomtale
Dersom det har skjedd ei uønskt hending, ein feil e.l. kan du klage munnleg eller skriftleg til dei som har levert tenesta, altså til personen, avdelinga eller til kommunen.
- fagleg uforsvarleg behandling
- dårleg kommunikasjon
- blitt avvist frå øyeblikkeleg hjelp
- saksbehandlingsfeil ved vedtaket
- andre forhold som er kritikkverdige.
- dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar
- ei alvorleg hending som følgje av yting av helse- og omsorgsteneste eller ved at pasient eller brukar har skadt ein annan
- utfallet er uventa ut frå pårekneleg risiko.
Målgruppe
Pasientar, brukarar og pårørande.
Kriterium/vilkår
Pris for tenesta
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Lover
Les om retten til å klage eller varsle: pasient- og brukarrettslova § 7-6.
Spesialisthelsetjenesteloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Psykisk helsevernloven
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
- Bruk gjerne Melding til statsforvaltaren dersom du vil sende klaga digitalt. Dette elektroniske skjemaet er ei sikker løysing, det vil seie at du også kan bruke skjemaet til å sende inn sensitive opplysingar, som helseopplysingar. Fordi skjemaet er ei sikker løysing, må du logge inn via ID-porten. Du kan også bruke skjemaet til å laste opp større vedlegg, det kan vere aktuelt dersom du allereie har skrive klaga di i eit tekstdokument. Då lastar du berre opp dokumentet inne i skjemaet.
- Statsforvaltaren tek sjølvsagt også i mot klager i form av vanleg brevpost.
- Dei kan også motta klagar per telefon, men vi tilrår sterkt å sende inn ei skriftleg klage dersom du er i stand til å skrive.
Du kan også ringje til Helsetilsynet på telefonnummer 474 86 882 (kl. 09.00–15:00).
Vedlegg
Saksbehandling
Alle varsel blir undersøkte. Etter den innleiande undersøkinga blir varsla følgde opp på litt ulike måtar, avhengig av kor alvorleg og kompleks hendinga er og om det er risiko for at tilsvarande hendingar skjer på nytt.
I tillegg til å kontakte deg for å få meir opplysingar om hendinga, innhentar Helsetilsynet også nærmare opplysingar frå verksemda før dei avgjer korleis varselet skal følgjast opp.
Saksbehandlingstid
Høve til å klage
Tjenesten oppdatert: 04.01.2025 15:12