Skjema
- Legeerklæring - søknad om parkeringstillatelse for forflytningshemmede
- Parkeringstillatelse institusjon
- Registrering av minnegaver
- Retningslinjer minnegaver
Dersom du er omsorgsperson for ein som er pleietrengande, kan du ha rett til avlastingsopphald for pasienten på sjukeheim.
Personar som har omsorgsoppgåver heime, kan søkje om avlastingsopphald på sjukeheim. Den hjelpetrengande sjølv - som også kan søkje - får eit tidsavgrensa opphald i institusjon.
Omsorgsytarar som har et særleg tyngjande omsorgsarbeid.
Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen. Moment som ein kan ta omsyn til, er mellom anna om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid, om arbeidet er meir tyngjande enn vanleg og om det fører til avbrot i nattesvevn eller sosial isolasjon.
Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald.
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2.
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Verdighetsgarantiforskriften
Det er ikkje noko krav om at søknaden skal vere skriftleg. Du kan søkje munnleg over telefon.
Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt kjem vi på eit heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du vil alltid få ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om saka skal bli teken til følgje.
Tjenesten oppdatert: 13.04.2021 20:45