Skjema
- Omsetningsoppgave for alkohol (KF-134)
- Salgsbevilling for alkohol (KF-124)
- Serverings- og/eller skjenkebevilling (KF-123)
- Serveringsbevilling (KF-267)
- Skjenkebevilling - enkelt anledning/ambulerende (KF-112)
Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.
Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.
Løyve treng du normalt ikkje ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så lenge det ikkje blir tatt betalt for drikke. Men all servering av alkohol mot vederlag krev at du har løyve.
For einskilde typar lokale kan det likevel krevjast løyve, sjølvom det ikkje blir teke betalt for drikke. Eksempel på slike lokale er forsamlingslokale, torg, parkar og andre offentlege plassar.
All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkjestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.
Sjå alkoholloven § 1-6 andre avsnittet, § 4-5 og § 8-9
Du må sende skriftleg søknad til løyvemyndigheita god tid før arrangementet skal vere. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande må gjere seg kjend med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.
Legitimasjon
Søkjer du om skjenkjeløyve for eit enkelt, bestemt høve, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta. Du får skriftleg melding om vedtaket. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Behandlingstida vil variere og nokre arrangement krev lengre behandlingstid enn andre. Vêr derfor ute i god tid og send søknad minst fire veker før arrangementet.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tjenesten oppdatert: 27.11.2024 09:28