Søknad om arrangement
Skal du arrangere ein festival eller eit anna stort arrangement? Start med å kontakte kulturavdelinga i kommunen. Det kan hende kommunen kan gi økonomisk tilskot eller ønskjer å samarbeide på andre måtar. Uansett om du planlegg å leige eit privateid område eller offentleg grunn, må du søkje kommunen og andre offentlege styresmakter.
Tenesteomtale
Skal du servere mat? Då må du søkje Mattilsynet. Mattilsynet vil stille krav til hygienen og tryggleiken til maten.
- Lokalet der maten skal lagast
- Innreiing og utstyr
- Høve for god handhygiene
- Temperatur
- Korleis maten blir oppbevara og handtert
- Oppvask og reinhald.
All servering av alkoholhaldig drikk mot ei eller anna form for betaling krev løyve. Du må sende søknad om skjenkjeløyve for eit enkelt høve til kommunen din. Sjølv om arrangementet skal gå over fleire dagar, vil det likevel reknast som eit enkelthøve. Sjå også tenesteomtalen for ambulerande skjenkjeløyve.
- Type arrangement
- Arrangør
- Tid og stad
- Mengda deltakarar
- Ansvarleg skjenkjestyrar.
Alle arrangement i bygg eller område som ikkje vanlegvis blir brukte til arrangement må oppfylle brannvernskrav. Du må melde arrangementet til brannverntenesta i kommunen din i god tid før arrangementet.
- Tidspunkt og tema for arrangementet, storleik, adresse og namn på den som er ansvarleg.
- Risikoanalyse. Denne skal kartleggje kva som kan gå galt, korleis det skal forhindrast og kva tiltak som er planlagde for å redusere konsekvensane dersom noko skjer.
- Omtale av staden arrangementet skal vere, og tilhøyrande installasjonar eller utstyr. Dette kan vere alarm- og lydanlegg, sløkkjeutstyr og rømmingsskilt/belysning.
- Omtale av rømmingsvegane (plassering, tal på inngangar, breihet) sett i forhold til tilsikta persontal og mogleg rømmingstid. Persontal bør fastsetjast av fagfolk.
- Prosedyrar for evakuering.
- Oversikt over tryggleikspersonell – tal på, rutinar og ansvar.
- Framkommeligheit for brannstellet.
- Arrangementsomtale
- Planverk inkl. HMS-plan, risikovurdering og plan for tryggleiken
- Omtale av tryggleiksorganisasjonen
- Områdekart/arenakart med omtale
- Planlagd bemanning av ordensvakter og/eller vektarar
- Planlagd fyrstehjelpsorganisering
- Planlagd branntryggleik
- Samarbeidspartnarar
- Andre løyve (mat, grunneigar)
- Dokumentasjon til konstruksjonar som scener, telt etc. (for eksempel belastingsgrenser, samsvarserklæringar, standard, vindmålingsrutinar o.l.).
- Lag ei kartlegging av alle arbeidsoperasjonar
- Gjer ei risikovurdering og gjennomfør tiltak
- Gi opplæring
- Planlegg arbeidstid
- Ta særleg omsyn til unge tilsette
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Sjå:
Alkohollova § 1-6, § 4-5 og § 8-9
Brann- og eksplosjonsvernlova § 7
Politilova § 11 og § 14 nr 4
Arbeidsmiljølova § 2-2.
Arbeidsmiljøloven
Alkoholloven
Brann- og eksplosjonsvernloven
Politiloven
Tjenesten oppdatert: 11.03.2024 10:52