Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
16. mai 2025 kl. 15:04

Overgang til ny hjemmeside mandag 19.mai

Mandag 19.mai går Heim kommunes hjemmeside over til en ny løsning levert av leverandør, Sitevision. I den forbindelse kan hjemmesidens funksjonalitet være begrenset og deler av innholdet kan være midlertidig utilgjengelig mens vi jobber med tilpasning av den nye siden. Kommune Kari tar også en velfortjent ferie mens arbeidet pågår.

​Vi beklager eventuelle problem dette kan skape.

Vår nye hjemmeside skal ha en høyere grad universell utforming for alle og være lettere å navigere i. 

Familievernkontor

Er det vanskar eller kriser i familien din, kan du få behandling og rådgiving frå eit familievernkontor.

Tenesteomtale

Familievernkontoret gjev deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling 

  • ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
  • når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær

Det er familievernkontor i alle fylka. 

Målgruppe

Du er del av eit par eller ein familie.

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar

Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurs for nybakte foreldre. Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skolar, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.

Lover

Dette er ei lovpålagt oppgave. Sjå spesielt familievernkontorloven. Sjå også barnelova § 51 Kven skal møte til mekling og ekteskapslova § 26 Mekling mv. 

Ekteskapsloven
Barnelova
Familievernkontorloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan selv ringe direkte til familievernkontoret eller du kan be om å bli kontaktet. 
Det er fritt valg av familievernkontor, som tyder at du sjølv kan velje om du vil gjeste familievernkontoret som ligg nærmast heimstaden din eller om du føretrekkjer å dra ein annan stad. Nokre familievernkontor kan for eksempel ha spesielle tilbod som passar betre for deg.

Tjenesten oppdatert: 27.04.2023 15:53