Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
16. mai 2025 kl. 15:04

Overgang til ny hjemmeside mandag 19.mai

Mandag 19.mai går Heim kommunes hjemmeside over til en ny løsning levert av leverandør, Sitevision. I den forbindelse kan hjemmesidens funksjonalitet være begrenset og deler av innholdet kan være midlertidig utilgjengelig mens vi jobber med tilpasning av den nye siden. Kommune Kari tar også en velfortjent ferie mens arbeidet pågår.

​Vi beklager eventuelle problem dette kan skape.

Vår nye hjemmeside skal ha en høyere grad universell utforming for alle og være lettere å navigere i. 

Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

Dersom du ønskjer å utvikle eit område eller ein eigedom som ikkje er regulert, kan du fremje eit privat forslag til detaljregulering.

Tenesteomtale

Dersom du ønskjer å utvikle eit område eller ein eigedom, og kommunen ikkje allereie har ein plan for det området, har du rett til å fremje ditt eige forslag om regulering. Det blir kalla ei detaljregulering og må vere utarbeidt av fagkyndige. Planen gir grunnlag for å avklare kva byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet. Større byggjetiltak kan i hovudsak ikkje gjennomførast utan reguleringsplan.

Målgruppe

Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter.

Kriterium/vilkår

Ein privat reguleringsplan må vere utarbeidt av fagkyndige.

Pris for tenesta

Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag. Men kommunen har ein frist på seg for behandling av forslaget. Fristen er på 12 veker. Kommunen må tilbakebetale delar av gebyret ved lengre saksbehandlingstid enn 12 veker. 

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt 
 
plan- og bygningslova §§ 4-1, 4-2, 4-3, 5-1, 12-8, 12-9, 12-10 og 12-11
 
forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter pbl.

Kart- og planforskriften
Plan- og bygningsloven
Forskrift om konsekvensutredninger
Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter pbl

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ein reguleringsplanprosess består av desse hovudtrinna:
  1. Sende planinitiativet til kommunen saman med førespurnad om oppstartsmøte. 
  2. Kunngjere i avis e.l. om at planarbeidet blir starta.
  3. Kommunen held oppstartsmøte.
  4. Periode med eventuelle konsekvensutgreiingar, risikoanalysar og høyringar.
  5. Endeleg planforslag blir sendt til kommunen.
  6. Kommunen behandlar planforslaget og fattar vedtak innan 12 veker frå dei mottok det.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle forslaget innan 12 veker. Fristen begynner å springe når kommunen har motteke forslaget. Dersom planen ikkje oppfyller alle krava, og kommunen må etterspørje meir informasjon, vert fristen brote, og fortset igjen når kommunen har fått den etterspurte informasjonen.
 
Behandlingstida blir avslutta når kommunen sender planen vidare til offentleg ettersyn.

Høve til å klage

Dersom kommunen stoppar planforslaget i oppstartsfasen, kan du krevje behandling av forslaget i kommunestyret.
Dersom kommunen avslår det endelege forslaget i vedtak, og du meiner at det er grunnlaust, kan du krevje behandling av forslaget i kommunestyret.

Tjenesten oppdatert: 25.03.2021 17:00